Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren på givarkonferanse for Afghanistan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek onsdag 28. november på den internasjonale givarkonferansen for Afghanistan i Genève.

Både presidenten i Afghanistan, Ashraf Ghani og generalsekretæren i FN, Antonio Guterres er til stades når FN arrangerer givarkonferanse i Genève. Givarlanda skal gjere opp status for arbeidet i Afghanistan.

- Dette er eit godt høve til å diskutere med afghanarane kva ein har oppnådd og kva for utfordringar som står att med tanke på godt styresett, kampen mot korrupsjon, kampen for likestilling og den økonomiske utviklinga i landet, seier utanriksminister Eriksen Søreide.

Under givarkonferansen for Afghanistan i 2016 forplikta Noreg seg til å støtte landet med omlag 700 millionar kroner kvart år ut 2020. Eit vilkår er at afghanske styresmakter innfrir sine løfte.

- Å bekjempe korrupsjon og styrke stillinga til kvinner i samfunnet er viktige omsyn i all norsk støtte til landet, seier Eriksen Søreide.

Afghanistan er eit av 16 partnarland for norsk bistand.

Under konferansen i Genève vil utanriksministeren delta i paneldiskusjonar om innovasjon i det humanitære arbeidet samt om kvinner i fredsoperasjonar. Ho vil i tillegg ha ei rekke møte med andre land.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no,  976 71 250