Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Hagen til Japan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statssekretær Marianne Hagen besøkjer Tokyo 25.-26. oktober for å ha politiske samtalar med japanske styresmakter, og for å halde innlegg under den offisielle opninga av Munch-utstillinga på Tokyo Metropolitan Art Museum.

Den offisielle opninga av Munch-utstillinga finn stad fredag 26. oktober, medan den opnar for publikum laurdag 27. oktober.

- Dette vert ei av dei største norske kulturhendingane i Japan nokon sinne. Det japanske publikumet er godt kjent med Munch sine verk, og det er venta at så mange som 500.000 menneske vil besøkje utstillinga i løpet av dei tre månadene den står, seier Hagen, og legg til:

- Presentasjonen av Edvard Munchs kunstnarskap for eit japansk publikum kan skape auka interesse for norske kunstnarar generelt og bidra til å førebu grunnen for eit tettare norsk-japansk museums- og kuratorsamarbeid. Eg vonar denne utstillinga vil føre til at fleire kulturinteresserte japanarar vil besøke Oslo og Noreg i åra framover. Kulturturisme er i vekst, og med dei nye kulturinstitusjonane i Oslo har vi mykje å by på.

Internasjonal handelspolitikk, Noreg sitt ønskje om tettare økonomisk samarbeid med Japan, samt aktuelle regionale saker vert viktige tema under dette møtet. Eit besøk til kafeen Fuglen vil bli nytta til å fremje norsk kultur, design og anna næringsliv. Statssekretæren vil også få høve til diskutere likestilling i arbeidslivet med japanske ekspertar.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.