Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren vitjar Ukraina

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vitjar denne veka Ukraina for politiske samtalar.

- Utviklinga av eit stabilt og demokratisk Ukraina er i norsk interesse og viktig ikkje berre for Ukraina sjølv, men óg for Europa. Regjeringa har auka den politiske og økonomiske stønaden til Ukraina betydeleg dei siste fem åra. Bodskapen under besøket mitt vil vere at Noreg støttar Ukraina, men at vi óg ventar at dei held oppe tempoet i reformarbeidet, held fram kampen mot korrupsjon og sikrar sivilsamfunnet sine rettar, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Eit anna viktig samtaletema vil vere situasjonen i Aust-Ukraina.

- Konflikten i Donbas er inne i sitt femte år og det er inga politisk løysing i sikte. Det er viktig at denne konflikten ikkje vert gløymd. Den humanitære situasjonen er særs krevjande og konflikten rammar dagleg sivilbefolkninga. Eg vil igjen understreke det ansvaret Russland har for å løyse denne konflikten, seier utanriksminister Eriksen Søreide.   

I tillegg til politiske samtalar med Ukrainas utanriksminister Pavlo Klimkin, vil Eriksen Søreide ha møter med mellom anna president Petro Porosjenko og statsminister Volodymyr Hroysman.

- Eg vil óg sjå nærare på kva meir Noreg kan gjere for å støtte arbeidet innanfor energireform og energieffektivisering. Her har Noreg mykje kunnskap og røynsle som er etterspurd i Ukraina. Eg merkar meg den auka interessa frå norske aktørar frå næringslivet innan fornybar energi. Her kan norsk bistand og næringsliv spele på lag. Min kollega næringsminister Torbjørn Røe Isaksen vil følgje opp det norsk-ukrainske handels- og økonomisamarbeidet når han vitjar Ukraina seinare i september.

Utanriksministeren vil i tillegg mellom anna møte ukrainske studentar og helde ein tale ved eit av dei mest kjende universiteta i Kiev.

 Pressekontakt: Pressevakt: +47 23 95 00 02.