Presseinformasjon
Statssekretær Hagen til Sør-Korea
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 01.11.2018
1. – 2. november reiser statssekretær Marianne Hagen til Sør-Korea for å ha politiske samtalar med sørkoreanske styresmakter, og for å halde innlegg på seminar i Seoul og Busan om grøn skipsfart. Programmet inkluderer også fremjing av norsk sjømat og eit verftsbesøk.
Under møtet med viseminister Cho i det sørkoreanske utanriksdepartementet vil viktige tema mellom anna vere det bilaterale forholdet mellom Noreg og Sør-Korea, utviklinga i internasjonal handelspolitikk, samarbeid innan berekraftige hav og situasjonen på Korea-halvøya.
Under Innovation & Sustainability Conference i Seoul 1. november og under Green Ship-seminaret i Busan 2. november vil hovudtema vere elektriske skip og reduksjon av utslepp.
- Seminara om grøn skipsfart i Seoul og Busan er gode møteplassar for norske og sør-koreanske bedrifter til å utforske moglegheitene for tettare samarbeid om teknologiutvikling knytt til maritim transport, seier statssekretær Hagen.
Statssekretær Hagen vil også vere med å fremje norsk sjømat både i Seoul og på ei internasjonal sjømatmesse i Busan. I løpet av dei siste åra har Sør-Korea utvikla seg til å verte ein av dei viktigaste marknadane for norsk sjømat.
- Sørkoreanarane er heilt i verdstoppen når det gjeld sjømatkonsum, og det er gledeleg at norske sjømatprodukt kaprar stadig større delar av marknaden i Sør-Korea, seier Hagen.
Programmet til statssekretær Hagen i Sør-Korea vert avslutta med eit besøk til Equinors Johan Sverdrup-prosjekt.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.