Historisk arkiv

Presseinformasjon

Frist for akkreditering til generalforsamlinga i FN

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Media som skal dekke FN si 74. generalforsamling hausten 2019 må ha FN-akkreditering. Frist: 2. september.

Opninga av FN si 74. generalforsamling vert markert med ei veke med toppmøte, frå måndag 23. september til fredag 27. september. Frå Noreg deltek etter planen mellom anna statsminister Erna Solberg, utanriksminister Ine Eriksen Søreide og utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.

Media som ønskjer å dekke det som skjer i FN desse dagane må søkje akkreditering frå FN seinast 2. september. Pressefolk som allereie har gyldig akkreditering til FN, treng ikkje søkje på nytt. Meir informasjon om dette finn du på FN sine nettsider.

Alle må:

Akkreditering skjer i regi av FN sin Media Accreditation and Liaison Unit (Malu). Etter at akkrediteringa er henta ved personleg oppmøte, er presseinngangen på 1st Avenue og 47th Street.

Pressekontaktar:

  • Det kongelege hoff: Kommunikasjonssjef Guri Varpe, mobil 481 50 727.
  • For statsministeren: Kommunikasjonssjef Trude Måseide, mobil 957 26 510.
  • For utanriksministeren: Konst. kommunikasjonssjef Kjetil Elsebutangen, mobil 957 32 701.
  • For utviklingsministeren: Kommunikasjonsrådgivar Guri Solberg, mobil 922 19 769.
  • For klima- og miljøministeren: Kommunikasjonssjef Jo Randen, mobil 911 69 463 og kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Eikenes, mobil 996 96 542.
  • For helseministeren: Pressevakt, mobil 948 49 749.
  • FN-delegasjonen i New York: Presseråd Ragnhild H. Simenstad, mobil +1 646 642 9910.