Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Jakobsen til Kapp Verde 3.-4. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statssekretær Aksel Jakobsen drar til Praia, hovudstaden på Kapp Verde, for å delta på eit ministermøte om kontinentalsokkelen 3.-4. juni.

Sju vestafrikanske statar – Gambia, Guinea (Conakry), Guinea-Bissau, Kapp Verde, Mauritania, Senegal og Sierra Leone – deltek på møtet. Jakobsen vil òg nytte høvet til eit feltbesøk saman med FN for å sjå korleis FN arbeider på landnivå.

Med bistand frå Noreg la dei vestafrikanske kyststatane i 2014 fram felles dokumentasjon for Kontinentalsokkelkommisjonen i New York. Samarbeidet som gjorde dette mogleg, var unikt. Trass i uavklarte spørsmål om maritim avgrensing og politiske motsetningar var statane einige om at det er viktig å samarbeide om havretten.

Det kan ta fleire år før Kontinentalsokkelkommisjonen kan handsame dokumentasjonen, og både dei vestafrikanske statane og Noreg såg behovet for å halde ved lag kompetansen og samarbeidet. Difor har Noreg støtta fleire oppfølgingsmøte på teknisk nivå mellom statane. I år er det tekniske møtet utvida med deltakarar på ministernivå, og det er i denne samanhengen statssekretær Jakobsen reiser til Praia.

- Dette er eit døme på god bistand der ein får resultat gjennom regionalt samarbeid, og der eigarskapet ligg hos statane som deltek. Eg ser fram til å møte statane for å diskutere korleis samarbeidet kan vidareførast, seier statssekretær Aksel Jakobsen.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02