Presseinformasjon
Statssekretær Jens Frølich Holte til New York 23.-25. januar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 23.01.2019
Statssekretær Jens Frølich Holte besøkjer New York 23.-25. januar. Han skal delta på den første internasjonale dagen for utdanning i FN og han skal halde innlegg i FNs tryggingsråd om klima og tryggleik.
- Noko av det aller viktigaste vi kan gjere for å nå berekraftsmåla, er å investere i kvalitetsutdanning, spesielt for jenter. Derfor prioriterer regjeringa dette arbeidet så høgt. Klimaendringane påverkar negativt alt frå handel, migrasjon og humanitær bistand til konfliktførebygging og tryggleik. Eg ser fram til å diskutere med medlemmane i tryggingsrådet korleis vi best skal møte desse utfordringane. Samanhengen mellom klimaendringar og tryggleiksutfordringar er eit tema som Norge vil ha fokus på i FNs tryggingsråd, dersom vi får ein plass som valt medlem i perioden 2021-22, seier statssekretæren.
Pressekontakt: Ragnhild Simenstad, Ragnhild.Haland.Simenstad@mfa.no, mobil: +1 646 642 9910