Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 6

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 6, 2019.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.  

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 4. februar
Kl. 09.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held eit innlegg på Leangkollen-konferansen, den årlege konferansen til Den norske Atlanterhavskomiteen om utanriks-, forsvars- og tryggingspolitikk. Stad: Nobelinstituttet, Oslo

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984. 

Onsdag 6. februar
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit møte i anti-Isil-koalisjonen. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Washington D.C., USA

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Fredag 8. februar
Kl. 09.00 Utanriksminister Eriksen Søreide held eit innlegg på Forskingsrådets utanrikskonferanse. Stad: Forskingsrådet, Lysaker

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984 

Kl. 13.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er vert for ein arbeidslunsj for utanriksminister Tomás Petrícek frå Tsjekkia. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 4. – onsdag 6. februar
Utviklingsminister Ulstein reiser til Etiopia. Her skal han mellom anna ha samtalar med etiopiske styresmakter og halde innlegg om jenter og utdanning på ein høgnivådialog i regi av Den afrikanske unionen (AU). Utviklingsministeren vil også besøkje fleire prosjekt som får norsk støtte.  Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Addis Abeba

Pressekontakt: Kari Wollebæk, 928 27 327 

Statssekretær Audun Halvorsen

Måndag 4. – torsdag 7. februar
Statssekretær Halvorsen reiser til Georgia og Armenia for møte med styresmaktene. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Tbilisi og Jerevan

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984  

Statssekretær Marianne Hagen 

Onsdag 6. februar
Kl. 09.30: Statssekretær Hagen møter professor Ola Mestad, leiar for Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769 

Fredag 8. – tysdag 12. februar
Statssekretær Hagen er på reise til India. Ho deltek mellom anna på konferansen Economic Times Women’s Forum 2019 og World Sustainable Development Summit. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Mumbai og New Delhi, India

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Aksel Jakobsen

Måndag 4. – onsdag 6. februar
Statssekretær Jakobsen reiser til Etiopia saman med utviklingsminister Dag-Inge Ulstein. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Addis Abeba 

Pressekontakt: Kari Wollebæk, 928 27 327