Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 22

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 22, 2019.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 27. mai
Kl. 10.30: Utanriksminister Eriksen Søreide held opningsinnlegget på Oslo Freedom Forum. Stad: Det Norske Teateret, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 28. mai
Kl. 16.30: Utanriksminister Eriksen Søreide svarer på ein interpellasjon frå Knut Arild Hareide om regjeringa sitt arbeid og virkemiddel i kampen mot autoritære styreformer og trygging av rettsstatprinsipp. Stad: Stortinget, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02  

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein

Måndag 27. mai
Kl. 11.00: Utviklingsminister Ulstein møter nettverket for norske sivilsamfunnsorganisasjonar som arbeider med seksuell og reproduktiv helse og rettar, SRHR-nettverket. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.40: Utviklingsminister Ulstein møter den tverrkyrkjelege internasjonale organisasjonen Mission Aviation Fellowship. Stad: Dronningens gate 25, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 28. mai
Kl. 09.00: Utviklingsminister Ulstein tek imot ein rapport frå utviklingskomitéen i OECD om norsk bistand (OECD Development Assistance Committee Peer Review). Stad: Norad, Bydøy Allé 2, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde UD, 976 71 250

Kl. 11.00: Utviklingsminister Ulstein deltek i debatten om den utviklingspolitiske utgreiinga. Stad: Stortinget.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde UD, 976 71 250

Kl. 15.30: Utviklingsminister Ulstein møter Susanne Moorehead, leiar i utviklingskomitéen i OECD (OECD Development Assistance Committee). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 29. mai
Kl. 12.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på lanseringa av FN-rapporten «Realization of the Sustainable Development Goals by, for and with Persons with Disabilities». Stad: Norad, Bygdøy Allé 2, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.30: Utviklingsminister Ulstein møter Peter Sands i Det globale fondet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Audun Halvorsen 

Måndag 27. mai
Statssekretær Halvorsen deltek på eit arrangement om tryggingspolitikk, i regi av den norske ambassaden i Stockholm. Stad: Stockholm

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 28. - torsdag 30. mai
Statssekretær Halvorsen reiser til Ukraina. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Kyiv

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 27. - tysdag 28. mai
Statssekretær Hagen deltek på Safe Schools-konferansen. Stad: Palma, Mallorca

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752 

Statssekretær Aksel Jakobsen 

Måndag 27. mai
Kl. 11.00: Statssekretær Jakobsen møter World Bank Harvest Plus. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02