Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 50

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 50, 2019.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 9. desember
Kl. 08.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er til stades under ei vandreutstilling som viser satsingar og resultat innan EØS-midla. Utstillinga er laga i samband med markeringa av at EØS-avtalen er 25 år. Stad: 7. juniplassen, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 10. desember
Utanriksminister Eriksen Søreide reiser til Berlin på den internasjonale dagen for menneskerettar for å delta på konferansen «Advocating Human Rights in the 21st Century». Eriksen Søreide har og møte med Tyskland sin utanriksminister Heiko Maas. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Berlin, Tyskland 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Mari Bangstad (med på reisa) , mobil 41 44 08 71, e-post: mari.bangstad@mfa.no 

Onsdag 11. desember
Utanriksminister Eriksen Søreide møter mottakaren av Nobels fredspris 2019, statsminister Abiy Ahmed frå Etiopia. Stad: Parkveien 45, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 9. desember
Kl. 10.00: Utviklingsminister Ulstein møter Mr. Huang Xia, FN sin spesialutsending for Great Lakes Area of Africa. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52 

Kl. 18.00: Utviklingsminister Ulstein er til stades på visning av filmen «Buoyancy» og deltek i ein paneldebatt i regi av International Organization for Migration (IOM) om moderne slaveri i fiskerisektoren. Stad: Cinemateket, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52 

Tysdag 10. desember
Kl. 13.00: Utviklingsminister Ulstein er til stades under utdelinga av Nobels fredspris. Stad: Oslo Rådhus 

Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 11. desember
Kl. 08.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på Noradkonferansen 2019. Tema for årets konferanse er digitalisering i bistanden. Meir informasjon på nettstaden til konferansen. Stad: Norad, Oslo

Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 13. desember
Kl. 14.30: Utviklingsminister Ulstein besøkjer Forskingsrådet. Stad: Drammensveien 288, Oslo 

Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Laurdag 14. desember
Kl. 22.45: Utviklingsminister Ulstein deltek på juleaksjonen til TV2. I år er det SOS-barnebyer som står bak aksjonen. Stad: Oslo 

Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Audun Halvorsen 

Torsdag 12. desember
Kl. 09.30: Statssekretær Halvorsen møter Samarbeidsorganet for kvinner, fred og tryggleik. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Laurdag 14. – søndag 15. desember
Statssekretær Halvorsen deltek på Doha Forum 2019. Meir informasjon på nettstaden til konferansen. Stad: Doha, Qatar 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 9. desember
Statssekretær Hagen deltek på eit høgnivåmøte i FN sitt fond for naudhjelp (Cerf). Stad: New York, USA 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 11. desember
Statssekretær Hagen møter Friends of Sudan. Stad: Khartoum, Sudan

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Måndag 9. desember
Kl. 10.45: Statssekretær Frølich Holte møter Mr. Huang Xia, FN sin spesialutsending for Great Lakes Area of Africa. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 10. - onsdag 11. desember
Statssekretær Frølich Holte er til stades på klimaforhandlingane til FN («UN Climate Change Conference, COP25»). Stad: Madrid, Spania

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Aksel Jakobsen 

Måndag 9. desember
Statssekretær Jakobsen deltek på konferansen «WHO Global Meeting to Accelerate Progress towards SDG Target 3.4 on Noncommunicable Diseases and Mental Health». Meir informasjon på nettstaden til konferansen. Stad: Muscat, Oman

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02