Historisk arkiv

Utanriksminister Eriksen Søreide til utanriksministermøtet i Asean

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på utanriksministermøtet i Asean (Association of South East Asian Nations) i Bangkok 30. juli til 1. august.

- Partnarskapen med Asean er viktig for Noreg, og er ein sentral møteplass for å styrke samarbeidet med landa i Søraust-Asia og diskutere aktuelle internasjonale og regionale spørsmål, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Spørsmål som handel, hav, berekraftsmåla og korleis det multilaterale internasjonale systemet kan styrkast, vil stå på agendaen. Asean-landa er både samla og individuelt av stor økonomisk betydning for Noreg. Samla sett er desse landa Noregs fjerde største varehandelspartnar og vår tredje viktigaste handelspartnar for tenester. Norge inngjekk ein formell partnarskap med Asean i 2015. Som ledd i dialogen med Asean vil utanriksministeren ha eit eige møte med Aseans generalsekretær og den thailandske formannskapen, representert ved utanriksministeren i Thailand. Utanriksministeren skal også ha møte med fleire utanriksministrar frå Asean-landa og andre land i regionen.

Under opphaldet i Thailand skal utanriksministeren delta og halde opningsinnlegget på eit arrangement ved Chulalongkorn-universitetet med tittelen «Multilateralism No More? The Future World Order from Europe to Asia». Ho deltek også på eit arrangement med representantar for norsk næringsliv i Thailand.

Pressekontakt: Kristin Enstad (med på reisa), mobil: 482 68 835, e-post: kristin.enstad@mfa.no