Presseinformasjon
Utanriksministeren til FN sitt menneskerettsråd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 23.02.2020
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide representerer Noreg under opninga av hovudsesjonen i menneskerettsrådet i Dei sameinte nasjonane (FN) i Genève 24. februar.
- Menneskerettane er under press, og verda treng multilateralt samarbeid meir enn nokon gong. Derfor held Noreg fram med å vere blant dei største gjevarane til FN sin høgkommissær for menneskerettar. I vårt arbeid med menneskerettane prioriterer vi mellom anna ytringsfridom, å verne menneskerettsforsvararar, førebygging av brot på menneskerettane, trus- og livssynsfridom og å sikre at arbeidet med likestilling ikkje lir tilbakeslag, seier Eriksen Søreide.
I 2020 er arbeidet med likestilling ekstra høgt prioritert, ikkje minst fordi det er 25 år sidan verda blei einig om ein standard for kvinners rettar og likestilling i Beijing.
Menneskerettsrådet i FN er eit særs viktig forum for å diskutere etterleving av menneskerettane og eit viktig forum for å gjere opp status og ta opp utfordringar med enkeltland. Noreg blei høyrd i menneskerettsrådet i 2019.
Noreg si støtte til FN sin høgkommissær for menneskerettar (OHCHR) er på om lag 165 millionar kroner i 2020.
I tillegg til å halde Noreg sitt hovudinnlegg, skal utanriksminister Eriksen Søreide mellom anna møte generalsekretær i FN António Guterres, vere ordstyrar på EU sitt sidearrangement om «Good Human Rights Stories» om kvinners rettar og likestilling og ha eit frukostmøte med sivilsamfunnsorganisasjonar.
Pressekontakt: Pressevakt UD 23 95 00 02