Presseinformasjon
Utanriksministeren til Helsingfors
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.02.2020
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vitjar Finland onsdag 5. - torsdag 6. februar for å delta på Hanalys-seminaret, der ho mellom anna vil møte FNs høgkommissær for menneskerettar.
Hanalys er eit årleg politisk seminar organisert av Hanaholmen. Seminaret har finsk og nordisk utanriks- og tryggingspolitikk som tema, og i år står mellom anna multilateralt samarbeid, rettsstatsprinsipp, seksuell og reproduktiv helse på dagsorden.
I tillegg skal utanriksminister Eriksen Søreide møte FNs høgkommissær for menneskerettar, Michelle Bachelet, som òg deltek på Hanalys-seminaret. Torsdag 6. februar møter utanriksministeren presidenten i Finland, Sauli Niinistö.
Under gjestinga vil utanriksministeren innvie Noregs nasjonalgåve til Finland i samband med deira 100-årsjubileum som sjølvstendig stat (2017). Det er den norske kunstnaren Børre Sætre som står bak kunstverket.
Pressekontakt: Siri R. Svendsen, mobil 97 68 78 01.