Presseinformasjon
Utviklingsministeren og landbruksministeren til Malawi
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 15.01.2020
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein og landbruks- og matminister Olaug Bollestad reiser til Malawi 20.-24. januar. Dei to skal ha politiske møte med malawiske statsrådar for å drøfte utviklingsarbeidet, ei berekraftig landbruksutvikling og markere det langvarige bilaterale samarbeidet.
Ulstein og Bollestad skal sjå på korleis ein rettar inn norske bistandsmidlar. Dei skal vitje norske kunnskap- og forskingsinstitusjonar som bidreg i kampen mot svolt og fattigdom, og for betre helse og utdanning. Dei to skal òg ha politiske møte mellom anna med finansministeren, landbruksministeren, helseministeren og utdanningsministeren i landet.
Meir utdjupande presseinformasjon følgjer.
Pressekontakt for utviklingsminister Ulstein: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, +47 97 67 12 50
Pressekontakt for landbruksminister Bollestad: Kaja Schill Godager, kaja-schill.godager@lmd.dep.no, +47 46 90 17 50 og +47 9191 98 93