Presseinformasjon
Utanriksministeren til Midtausten og Kypros
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.02.2020
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide reiser til Saudi-Arabia, Israel, Palestina og Kypros for politiske samtalar.
- Reisa er viktig for å førebu neste møte i gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC), seier utanriksministeren.
Noreg har eit langvarig engasjement for å bidra til ei forhandla to-statsløysing mellom Israel og Palestina, og det er i norsk interesse å bidra til redusert spenning og til at konfliktane i regionen vert løyst politisk. AHLC-møtet finn stad i Brussel 1. april.
- I ei tid med auka uro og spenning i Midtausten er det viktig for meg å ha samtalar med politiske leiarar i regionen, seier Eriksen Søreide.
Tema for møta er den politiske situasjonen i regionen. Utanriksministeren vil legge spesielt vekt på kor viktig det er å styrke arbeidet for ei forhandla to-statsløysing og tiltak som bidrar til auka stabilisering og politiske løysingar i regionen. Dette gjeld særleg for den spente situasjonen i Golfen og konflikten i Jemen. Situasjonen i Syria er også tema.
- Det er viktig og naudsynt å ta opp menneskerettar. Eg vil også diskutere andre viktige prioriteringar i norsk utanrikspolitikk, som styrking av det multilaterale systemet, likestilling og freds- og forsoningsarbeid, seier Ine Eriksen Søreide.
På Kypros skal utanriksministeren delta på ein konferanse om kvinner i diplomati, i tillegg til å ha politiske samtalar.
Reisa finn stad 18. til 21. februar.
Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide (med på reisa), tlf. 95 72 65 10 og e-post trude.maseide@mfa.no.