Ein politikk for vekst og stabilitet – for menneska i nord og for landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 27.11.2020
Eit sterkt og levande Nord-Noreg er ikkje berre viktig for nord, men for heile landet. Det seier dei åtte regjeringsmedlemma som i dag legg fram den nye stortingsmeldinga om nordområda.
Lansering av nordområdemelding
Se sendingen her
Etter to års arbeid og tett dialog med miljø i nord vert ei ny melding for nordområda lagt fram for Stortinget. Det er ni år sidan siste melding blei lagt fram. Den nye meldinga har fått undertittelen «Menneske, moglegheiter og norske interesser i nord».
- I nord er innanrikspolitikken og utanrikspolitikken to sider av same sak. Det er i norsk kjerneinteresse at forholdet er godt mellom nabofolk og naboland og at naturen vert utnytta forsvarleg og forvalta effektivt. Og det er i norsk kjerneinteresse at unge tek utdanning, får relevante jobbmoglegheiter og vert buande i nord. Folk i nord er vår mest verdfulle tryggingspolitiske investering, seier statsminister Erna Solberg. Ho deltok digitalt då meldinga vart lansert i Alta. På plass i Alta var utanriksminister Ine Eriksen Søreide.
- Verda har endra seg sidan førre nordområdemelding vart lagt fram for ni år sidan. Det er naudsynt med ei oppdatert forståing av sentrale utfordringar og moglegheiter i nord. Særleg den tryggingspolitiske situasjonen er betydeleg endra sidan 2011 og krev oppdaterte analysar. Dette har vore ein vesentleg del av arbeidet med den nye meldinga, seier utanriksministeren.
Det å utvikle Nord-Norge som ein ressursrik og livskraftig landsdel er ei strategisk viktig oppgåve.
- Difor må diskusjonen om nordområda også handle om jobb og verdiskaping, om skular, fritidstilbod og transport. Det er viktig for heile landet at me har eit Nord-Noreg der folk ønskjer å bu, utdanna seg, arbeida, skapa arbeidsplassar og bidra til økonomisk vekst, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.
Næringspolitikken handlar om menneske og om å skapa fleire lønsame og berekraftige arbeidsplassar.
- Det dreier seg om innovasjon, entreprenørskap, tilgong på kapital og om å utnytta dei mange moglegheitene i den grøne omstillinga og det grøne skiftet. Dette gjeld ikkje minst i havbruksnæringa, seier næringsminister Iselin Nybø.
Det nord-norske næringslivet har prestert godt og har dei siste ti åra før pandemien hatt større vekst i gjennomsnitt enn landet elles. Det ønskjer regjeringa å byggje vidare på.
- Lokalt eigarskap og forvaltarmiljø som kjenner forholda i nord er viktig for vidare vekst. I nordområdemeldinga varslar me difor at me vil etablera eit investeringsfond med statleg og privat kapital som skal forvaltast frå Nord-Noreg. Me vil også støtta arbeidet med å etablera Arctic Investment Platform, som er eit samarbeidsprosjekt mellom dei nordlege regionane i Noreg, Sverige og Finland og Den europeiske investeringsbanken. Målet er at regionane skal samordne og trekke til seg fleire investeringar, seier næringsministeren.
I arbeidet med stortingsmeldinga har regjeringa sett ned eit ungdomspanel med 50 ungdomar frå heile landsdelen. I tilrådingane frå panelet er medverknad eit nøkkelord. Ved å setja ned ungdomspanelet og inkludera heile innspelet deira som vedlegg til meldinga, har regjeringa vist at medverknad frå ungdom har høg prioritet i nordområdepolitikken. Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad takkar panelet for ærlege og innsiktsfulle innspel og for eit inspirerande samarbeid.
- Det er ungdomane som er framtida i nord. Difor er moglegheitene for å skaffe seg utdanning, bolig, starte sin eigen verksemd, fritidsaktivitetar, kulturtilbod og transport så viktige. Me vil følgja opp innspela om auka medverknad for unge, mellom anna gjennom å støtta ei stilling som ungdomskoordinator ved Sekretariat for regionalt nordområdeforum, seier Ropstad.
Ungdomspanelet har også vore opptatt av å løfta fram Nord-Noreg som ein attraktiv landsdel prega av innovasjon og økonomisk vekst. Regjeringa har lytta til desse innspela og har føreslått å løyva fire millionar kroner over tre år til eit fond for unge gründerar som Norinnova skal forvalta. Fondet skal retta seg særleg mot prosjekt som koplar forsking og verdiskaping.
Meld. St. 9 (2020-2021) har følgjande kapittelinndeling og kan lesast her (lenke aktiv fra 11.45)
- Utanriks- og tryggingspolitikk
- Klima og miljø
- Samfunnsutviklinga i nord
- Næringsliv og kompetanse
- Infrastruktur, transport, og kommunikasjon
- Trygging og beredskap
I tillegg er berekraft, hav, samiske spørsmål/urfolk, buattraktivitet, ungdom samt kultur og idrett gjennomgåande og tydeleg handsama i meldinga.
Les rapporten til Ungdomspanelet - En nordområdepolitikk for ungdom.