Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 4

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 4, 2020.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Tysdag 21. januar
Utanriksminister Eriksen Søreide er i København for møte med lokale styresmakter. Stad: København, Danmark 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 20. - fredag 24. januar
Utviklingsminister Ulstein og landbruks- og matminister Bollestad reiser til Malawi. Dei to skal ha politiske møte med lokale styresmakter for å drøfte utviklingsarbeidet, ei berekraftig utvikling innan landbruk og for å markere det langvarige samarbeidet mellom Noreg og Malawi. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Lilongwe og Salima, Malawi

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, +47 97 67 12 50 

Laurdag 25. januar
Kl. 19.00: Utviklingsminister Ulstein held innleiing om regjeringas utviklingspolitikk på ungdomskonferansen Impuls 2020. Konferansen vert skipa til av IMI-kyrkja og Normisjon. Meir informasjon på nettstaden til konferansen. Stad: IMI-kyrkja, Stavanger

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52 

Søndag 26. januar
Kl. 19.00: Utviklingsminister Ulstein held innleiing om regjeringas bidrag til kampen mot moderne slaveri på ungdomskonferansen Impuls 2020. Konferansen vert skipa til av IMI-kyrkja og Normisjon. Meir informasjon på nettstaden til konferansen. Stad: IMI-kyrkja, Stavanger

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52 

Statssekretær Audun Halvorsen 

Tysdag 21. januar
Kl. 12.30: Statssekretær Halvorsen møter Milena Hrdinkova frå Tsjekkia. Ho er statssekretær for europeiske saker. Stad: Hotel Continental, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Marianne Hagen 

Onsdag 22. januar
Kl. 10.00: Statssekretær Hagen møter Merete Smith, generalsekretær i Den norske advokatforeininga. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 23. januar
Kl. 10.00: Statssekretær Hagen held innlegg på konferansen ''Make Sexual Rights Great Again''. Konferansen vert skipa til av nettverket til Stortinget for seksuell og reproduktiv helse (SRHR) og den frivillige organisasjonen Sex og politikk. Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Fredag 24. januar
Statssekretær Frølich Holte deltek på barentsseminaret til Nordland fylkeskommune. Stad: Radisson Blu Hotel, Bodø

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Aksel Jakobsen 

Fredag 24. januar
Statssekretær Jakobsen deltek på FN-markeringa av den internasjonale dagen for utdanning. Meir informasjon på nettstaden til Unesco. Stad: FN, New York

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02