Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 6
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 31.01.2020
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 6, 2020.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no
Utanriksminister Eriksen Søreide
Måndag 3. februar
Kl. 09.30: Utanriksminister Eriksen Søreide held eit innlegg på Leangkollen-konferansen, den årlege konferansen til Den norske Atlanterhavskomiteen om utanriks-, forsvars- og tryggingspolitikk. Stad: Nobelinstituttet, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Utanriksminister Eriksen Søreide reiser til Bergen. Her skal utanriksministeren delta på redaksjonsmøte i Bergens Tidende og halde eit foredrag i Bergens sjømilitære samfunn. Stad: Bergen
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide (med på reisa), mobil: 95 72 65 10, e-post: trude.maseide@mfa.no.
Tysdag 4. februar
Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter redaksjonen i Aftenposten. Stad: Aftenposten, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 12.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek saman med utviklingsminister Ulstein på markeringa av Reform 2019 (reform av arbeidet med bistandsforvalting). Stad: Oslo konserthus
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 15.15: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på møte i Stortingets europautval (SEU). Stad: Stortinget, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 5. – torsdag 6. februar
Utanriksminister Eriksen Søreide reiser til Finland. Her skal utanriksministeren mellom anna delta på det tryggingspolitiske seminaret «Hanalys». Stad: Hanaholmen, Finland
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 7. februar
Utanriksminister Eriksen Søreide reiser til Stavanger. Her skal utanriksministeren mellom anna møte Stavanger næringsforeining, besøkje verksemda Laerdal Medical og ha redaksjonsmøte med Stavanger Aftenblad. Stad: Stavanger
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg (med på reisa), mobil: + 47 92 21 97 69, e-post: guri.solberg@mfa.no
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein
Måndag 3. februar
Kl. 12.45: Utviklingsminister Ulstein besøkjer Kristiansand folkehøgskule. Stad: Kristiansand
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 14.30: Utviklingsminister Ulstein besøkjer Ansgar bibelskule. Stad: Kristiansand
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 17.00: Utviklingsminister Ulstein møter den frivillige hjelpeorganisasjonen «Aid in Action». Stad: Mandal
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 6. februar
Kl. 09.30: Utviklingsminister Ulstein deltek på ei markering av den internasjonale dagen mot kjønnslemlesting. Stad: Norad, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein deltek på eit seminar om bærekraftige matsystem. Seminaret vert skipa til av tankesmia Agenda og Forum for utvikling og miljø (Forum). Stad: Kulturhuset, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 7. februar
Kl. 13.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på opninga av Normisjonen sin leiar- og medarbeidarkonferanse. Meir informasjon på nettstaden til konferansen. Stad: Stavanger
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Audun Halvorsen
Måndag 3. - onsdag 5. februar
Statssekretær Halvorsen reiser til Kiev for møte med lokale styremakter. Stad: Kiev, Ukraina
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 6. februar
Statssekretær Halvorsen deltek på ein EU-konferanse om sivilsamfunn i Brussel. Stad: Brussel, Belgia
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Marianne Hagen
Tysdag 4. februar
Kl. 11.30: Statssekretær Hagen møter økonomiminister Fayyaz Ismail frå Maldivene Stad: Restaurant Lofoten, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 5. februar
Kl. 09.00: Statssekretær Hagen held innlegg på eit seminar med Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening og Norsk industriforum for romvirksomhet. Meir informasjon på arrangementet sin nettside. Stad: NHO, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Jens Frølich Holte
Tysdag 4. februar
Kl. 14.00: Statssekretær Frølich Holte møter viseminister Krutikov og viseenergiminister Sorokin frå det russiske ministeriet for fjerne Østen og Arktis (Ministry for the Development of the Russian Far East and Arctic). Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Aksel Jakobsen
Tysdag 4. februar
Statssekretær Jakobsen deltek på «UN Women Donor Round Table». FN-organisasjonen UN Women arbeider for å styrkje stillinga til jenter og kvinner over heile verda. Stad: Helsinki, Finland
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 6. februar
Kl. 12.00: Statssekretær Jakobsen deltek på næringslivet sin konferanse for internasjonalisering og utvikling (NKIU). Meir informasjon på nettstaden til konferansen. Stad: NHO, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 7. februar
Kl. 09.30: Statssekretær Jakobsen held innlegg på eit seminar om norsk bistand til næringsutvikling. Stad: Nasjonalbiblioteket, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02