Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 8

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 8, 2020.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Tysdag 18. - fredag 21. februar
Utanriksminister Eriksen Søreide er på reise i Midtausten. Sjå eigen presseinformasjon.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide (med på reisa), mobil: 95 72 65 10, e-post: trude.maseide@mfa.no 

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 17. februar
Kl. 11.00: Utviklingsminister Ulstein deltek saman med barne- og familieminister Ropstad på markeringa av FN-resolusjonen om barns rettar. Resolusjonen trådde i kraft 1. januar 2020. Stad: SOS-barnebyer, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Audun Halvorsen 

Torsdag 20. februar
Kl. 10.30: Statssekretær Halvorsen møter FNs stedlege representant i Kyiv, Lubrani og Ocha-koordinator, Alice Armanni Sequi. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 17. februar
Statssekretær Hagen deltek på gjevarkonferanse for Albania. Konferansen vert arrangert i samband med jordskjelvet som råka landet 26. november i fjor. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 18. februar
Kl. 10.00: Statssekretær Hagen møter generalsekretær for Kirkens Nødhjelp, Dagfinn Høybråten. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02