Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 34
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.08.2020
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 34, 2020.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide
Måndag 17. august
Kl. 11.45: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på seremonien for skifte av forsvarssjef frå admiral Haakon Bruun-Hansen til general Eirik Kristoffersen. Stad: Akershus festning, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 18. august
Kl. 12.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på ein gruppekonferanse i Høgre. Stad: Clarion Hotel The Hub, Oslo
Pressekontakt: Politisk rådgjevar Marte Ziolkowski, 41 40 26 31
Torsdag 20. og fredag 21. august
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på delar av Utanriksdepartementet sitt stasjonssjefsmøte.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein
Måndag 17. august
Kl. 09.30: Utviklingsminister Ulstein er digitalt til stades på opninga av eit undervisningstilbod om psykisk helse ved Universitetet i Bergen. Tema er Noreg sitt engasjement innan ikkje-smittsame sjukdommar, spesielt psykisk helse.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 20. og fredag 21. august
Utviklingsminister Ulstein deltek på delar av Utanriksdepartementet sitt stasjonssjefsmøte.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02