Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 36
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 28.08.2020
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 36, 2020.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide
Måndag 31. august
Kl. 11.00: Utanriksminister Eriksen Søreide har ein telefonsamtale med Georgia sin utanriksminister.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 18.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er i Bergen. Her skal ho mellom anna på ei bedriftsgjesting og opne representantskapsmøtet i Bergen Høgre. Stad: Bergen
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide, 95 72 65 10
Onsdag 2. september
Kl. 14.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held opningsinnlegg på det globale forumet «Illicit Financial Flows and Sustainable Development».
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 15.00: Utanriksminister Eriksen Søreide har videomøte med David Beasley, administrerande direktør for Verdas matvareprogram.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 3. september
Kl. 11.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit digitalt ministermøte i det tverregionale sambandet for utanrikspolitikk og global helse, «Foreign Policy and Global Health».
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Laurdag 5. september
Kl. 11.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er til stades på Høgre sin regionale kommunalkonferanse. Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel, Oslo
Pressekontakt: Politisk rådgjevar Marte Ziolkowski, 41 40 26 31
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein
Måndag 31. august
Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein har digitalt møte med Unicef Noreg og Noregs Bank Investment Management (NBIM). Tema er barn sine rettar i globale leverandørkjeder.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Tysdag 1. september
Kl. 15.00: Utviklingsminister Ulstein held innlegg på den digitale Norfund-konferansen 2020: «Build back cleaner, greener & better». Tema er investeringar i fornybar og rein energi i utviklingsland. Stad: Sentralen, Oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Onsdag 2. september
Kl. 11.00: Utviklingsminister Ulstein har ein telefonsamtale med Gordon Brown, FN sin spesialutsending for utdanning. Tema er berekraftsmål 4 og global utdanning i lys av koronakrisa.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Kl. 18.00: Utviklingsminister Ulstein har ein telefonsamtale med Axel van Trotsenburg, nestleiar i Verdsbanken. Tema er Verdsbanken sin respons på koronakrisa.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Statssekretær Aksel Jakobsen
Torsdag 3. september
Kl. 13.00: Statssekretær Jakobsen deltek på eit felles nordisk webinar i regi av Slug - Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk. Tema er gjeldssituasjonen i utviklingsland i lys av koronakrisa.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83