Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 38
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 11.09.2020
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 38, 2020.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide
Laurdag 12. september
Kl. 08.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek i den digitale opningsseremonien for dei mellomafghanske fredssamtalane i Doha, Qatar. Seremonien startar klokka åtte norsk tid.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 15. september
Kl. 12.30: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på det digitale stasjonssjefsmøtet til Irland sin utanriksteneste, «Heads of Mission Conference 2020».
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 15.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek saman med utviklingsminister Dag-Inge Ulstein på videomøte med sivilt samfunn. Tema er Noreg i FNs tryggingsråd og førebuingar til høgnivåveka i FNs generalforsamling (Unga 75).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 17. september
Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit digitalt, nordisk utanriksministermøte (N5).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 18. - søndag 20. september
Utanriksminister Eriksen Søreide reiser til Troms og Finnmark. Tema er regjeringa sin nordområdepolitikk og eksportretta næringsliv. Stad: Hammerfest og Alta
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, telefon: 97 67 12 50
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein
Måndag 14. september
Kl. 14.00: Utviklingsminister Ulstein har eit digitalt møte med Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Tema er covid-19, utviklingsarbeid og korleis ungdom kan vere med og påverke.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Tysdag 15. september
Kl. 15.00: Utviklingsminister Ulstein deltek saman med utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide på videomøte med sivilt samfunn. Tema er Noreg i FNs tryggingsråd og førebuingar til høgnivåveka i FNs generalforsamling (Unga 75).
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Kl. 16.00: Utviklingsminister Ulstein har telefonsamtale med Achim Steiner, leiar for FNs utviklingsprogram (UNDP). Tema er arbeidet til UNDP under covid-19-pandemien.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Onsdag 16. september
Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein har videomøte møte med Unicef Norge og Norges Bank Investment Management (NBIM). Tema er barns rettar i globale leverandørkjeder.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Kl. 14.00: Utviklingsminister Ulstein held innlegg på den digitale lanseringa av Afrika-kontoret til Det global senteret for klimatilpassing (GCA). Kontoret vil arbeide spesielt med mattryggleik. Tidlegare generalsekretær i FN, Ban Ki-moon, og leiar i det internasjonale pengefondet, Kristalina Georgieva, deltek og på lanseringa.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Kl. 15.30: Utviklingsminister Ulstein har videomøte med Seth Berkley, direktør for den internasjonale vaksinealliansen (Gavi). Tema er rettferdig fordeling av vaksine mot covid-19.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Torsdag 17. september
Kl. 15.00: Utviklingsminister Ulstein held innlegg på eit arrangement skipa til av Education Cannot Wait (ECW): «Moving Education from the Margins to the Center: Leave No One Behind in Crisis». Tema er utdanning i land som er ramma av krise og konflikt, og kor utdanning no er under endå sterkare press som følgje av koronakrisa. Arrangementet er ein del av FNs høgnivåveke og Ulstein er Noreg sin representant i høgnivågruppa.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Statssekretær Marianne Hagen
Tysdag, 15. september
Kl. 10.00: Statssekretær Hagen held opningsinnlegget på eit digitalt informasjonsmøte til FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR). Tema er status for kampanjen Clean Energy Challenge.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag, 16. september
Kl. 10.00: Statssekretær Hagen deltek på lanseringa av Plan Norge sin rapport om situasjonen til jenter i Sahel. Stad: Plan Norge, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Jens Frølich Holte
Måndag 14. september
Kl. 15.00: Statssekretær Frølich Holte held ein presentasjon for EU-akademiet til Europeisk ungdom. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Aksel Jakobsen
Onsdag 16. september
Kl. 14.00: Statssekretær Jakobsen deltek på ein digital høgnivådialog skipa til av Verdsbankens program for rein energi (ESMAP). Tema er reinare kokemetodar.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Torsdag 17. september
Kl. 09.00: Statssekretær Jakobsen deltek i ein paneldebatt om matproduksjon og klimatilpassing skipa til av Utviklingsfondet. Stad: Klimahuset, Oslo.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83