Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren til Kirkeneskonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Oppdatert 12. februar: På grunn av sjukdom reiser statssekretær Audun Halvorsen til  Kirkeneskonferansen 12. februar i staden for utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Kirkeneskonferansen vert arrangert kvart år i februar. Konferansen fann stad fyrste gong i 2008. 

- Over drygt ti år har Kirkeneskonferansen vorte ein av Noregs viktigaste møteplassar for alle som er opptekne av nordområda.  Eg ser fram til å delta i år og, både for å snakke om regjeringas nordområdepolitikk og invitere til innspel til den kommande nordområdemeldinga, seier utanriksminister Eriksen Søreide. 

Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på opninga av konferanse og held innlegg i sesjonen «Dagens geopolitiske Barents». Konferansen finn stad på Thon Hotell Kirkenes. 

Eit eige pressetreff med utanriksministeren for presse som er akkreditert til konferansen finn stad på Thon Hotell Kirkenes kl. 15:45 – 16:00. Påmelding til mban@mfa.no med frist 12. februar kl. 12. (Pressetreffet er med statssekretær Halvorsen i staden for utanriksministeren). 

Eit debattmøte om nordområdemeldinga kl. 19-19:55 skal vere på Ofelas Arena, og er ope for alle. 

Eit anna viktig føremål med reisa er dialog med sentrale aktørar og samarbeidspartnerar, som Barentssekretariatet, om Noregs formannskap i Barentsrådet. Folk til folk-kontakten og det grenseoverskridande prosjektsamarbeidet er kjernen i Barentssamarbeidet. 

Eriksen Søreide skal og gjeste Kirkenes vidaregåande skule for å samtale med elevar om internasjonalt samarbeid, utdanning og bolyst for unge i nord. 

Pressekontakt (med på reisa): Kommunikasjonsrådgjevar Mari Bangstad mobil: 41 44 08 71 e-post: mban@mfa.no.