Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utviklingsministeren til Malawi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein reiser til Malawi 20. -24. januar. Han skal ha politiske møte og sjå på korleis norske institusjonar og bistandsmidlar bidreg i kampen mot svolt, til redusert fattigdom, betre helse og utdanning.

Klimatilpassa landbruk og mattryggleik er blant hovudtema på turen. Både Malawi og Noreg må i framtida greie å produsere mat på ein berekraftig måte og under stadig meir krevjande klimatilhøve. Utviklingsministeren skal mellom anna sjå på korleis ein nå tenkjer meir heilskapleg når ein rettar inn norske bistandsmidlar.

- Prosjekta i Malawi syner til dømes korleis ein ser samanhengen mellom landbruket, undervisninga i skulen, helsesektoren og lokalt næringsliv. Vi er nøydde til å tenkje heilskapleg, og dette er heilt i tråd med regjeringas handlingsplan for berekraftige matsystem som vi lanserte i fjor sommar. Ulike FN-organisasjonar, norske og malawiske sivilsamfunnsorganisasjonar og styresmakter bidreg alle til desse prosjekta, seier han.

Malawi er eit av dei aller fattigaste landa i verda, kor tørke, flom og andre naturkatastrofar gjer det vanskeleg for styresmaktene å sjå til at folket i landet har nok mat. Noreg har hatt bistandssamarbeid med Malawi i over tjue år og om lag ein tredel av norske bistandsmidlar er retta inn slik at landet skal kunne fø si eiga befolkning.

- Å utvikle landbruket er naudsynt for matsikkerheita og for fattigdomsreduksjon. Med norsk landbrukskompetanse og -forsking er Noreg med på å finne dei gode løysingane som bidreg til leggje om landbruket på ein berekraftig måte, ruste småskalabønder, og styrke kvinner sin posisjon i landbruket, seier Ulstein.

Under besøket skal han blant anna stå for den offisielle opninga av eit nytt norskfinansiert universitetsbygg på Malawis landbruksuniversitet, Lilongwe University of Agriculture and Natural Resources (Luanar), som i meir enn 20 år har samarbeida med Norsk miljø- og biovitskaplege universitet på Ås (NMBU). Samarbeidsprosjekta her handlar om klima, anvendt landbruksforsking, kapasitetsbygging og betring av infrastrukturen.  Det set Luanar i stand til å bidra til berekraftig verdiskaping og betre mattryggleik i Malawi.

Statsråden skal besøkje ei lang rekkje norskstøtta prosjekt som skal gjere bøndene og jordbruksaktørane i landet betre rusta til å takle flom, tørke, skadeinsekt, osb.

- Malawi er eit godt døme på land der norsk kompetanse i landbruksinstitusjonar er avgjerande for at verdas fattigaste land skal kunne gjere framsteg. Eg ser fram til å lære meir om korleis vi kan bidra enda meir, seier Ulstein.

- Økonomisk vekst i desse landa, dei som ligg aller nedst på statistikken, er ikkje berre tal i ein bistandsstatistikk. Verda vil ikkje nå berekraftmål nummer 2 om å avskaffe all svolt viss ikkje vi greier å hjelpe dei aller fattigaste. Det er difor svært meiningsfullt for meg å få reise til Malawi og sjå på korleis gode norske prosjekt fungerer i praksis.

Ulstein møter etter planen mellom anna  finansminister, landbruksminister, helseminister og utdanningsminister i landet.

Utviklingsministeren vitjar i tillegg fleire helseprosjekt i landet og prosjekt retta mot å styrke rettane til jenter og kvinner.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, +4797671250.