Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 1

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 1, 2021.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 4. - tysdag 5. januar
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på regjeringas strategikonferanse. Stad: Statsministerens kontor.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 6. januar
Kl. 14.30: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit høgnivåmøte (digitalt) om sårbare statar i FNs tryggingsråd. Utanriksministeren  held ei innleiing på møtet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 7. januar
Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide har eit telefonmøte med Aung San Suu Kyi.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein

Onsdag 6. januar
Kl. 10.00: Utviklingsminister Ulstein har eit digitalt møte med elevar i 3. klasse på Austrheim vidaregåande skule.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Sondre Olsen, 92 60 51 63

Torsdag 7. januar
Kl. 09.00: Utviklingsminister Ulstein har eit digitalt møte med Grete Faremo, leiar  for FNs kontor for prosjekttenester (UNops).

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Statssekretær Audun Halvorsen

Onsdag 6. januar
Kl. 13.00: Statssekretær Halvorsen deltek (digitalt) på eit ministermøte om nedrusting og ikkje-spreiingsavtalen (NPT) i samband med Stockholms-initiativet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02