Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 6

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 6, 2021.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 8. februar
Kl. 10.20: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide har ein telefonsamtale med Irans utanriksminister Mohammad Javad Zarif.

Pressekontakt: Pressevakta UD 23 95 00 02

Onsdag 10. februar
Kl. 09.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek (virtuelt) på eit møte for dei fem nordiske utanriksministrane (N5).

Pressekontakt: Pressevakta UD 23 95 00 02

Torsdag 11. februar
Kl. 09.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide held eit av opningsinnlegga (digitalt) på Den nasjonale bærekraftskonferansen i Bergen. Sjå meir om konferansen på arrangørane sin nettstad.

Pressekontakt: Pressevakta UD 23 95 00 02

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 8. februar
Kl. 11.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein markerer den internasjonale dagen mot kjønnslemlesting og deltek på eit møte (digitalt) med sivilt samfunn om skadelege skikkar.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 12.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein deltek (digitalt) på lanseringa av OECDs rapport om utviklingssamarbeid i 2020. Utviklingsministeren sit i eit panel om korleis ein skal byggje sterke system for å unngå framtidige sjokk som covid-19.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83 

Tysdag 9. februar
Kl. 12.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein deltek (digitalt) på det fjerde fasiliteringsmøtet i Access to Covid-19 Tools Accelerator (ACT-A).

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83