Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 12

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 12, 2021.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 22. mars
Kl. 12.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek i debatten på Stortinget.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 23. - onsdag 24. mars
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på Nato sitt utanriksministermøte. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Brussel

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide, mobil 95 72 65 10

Fredag 26. mars
Kl. 14.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek (digitalt) på eit nordisk-baltisk utanriksministermøte (NB8).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein

Måndag 22. mars
Kl. 11.00: Utviklingsminister Dag Inge Ulstein har eit møte med Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpa.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 11.45: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med sivilt samfunn og helsestyresmaktene i DR Kongo. Tema er konsekvensane av covid-19.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 14.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med sivilt samfunn i Sør-Sudan. Tema er konsekvensane av covid-19.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 16.15: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med LNU sine ungdomsdelegatar om ungdomsforumet til FN sitt økonomiske og sosiale råd, Ecosoc.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 17.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med Salesforce om korleis teknologiselskap deltek i kampen mot  covid-19.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Tysdag 23. mars
Kl. 10.15: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med KFUK-KFUM og ungdommar i Kongo om rolla ungdom spelar i fredsbyggjing.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 12.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein deltek (digitalt) på det femte møtet i fasiliteringsrådet i Access to Covid-19 Tools Accelerator (ACT-A).

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Onsdag 24. mars
Kl. 10.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med sivilt samfunn i Mali. Tema er konsekvensane av covid-19.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Torsdag 25. mars
Kl. 09.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har digitalt møte med sivilt samfunn i Nepal. Tema er konsekvensane av covid-19.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 11.45: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med sivilt samfunn i Uganda. Tema er konsekvensane av covid-19.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Fredag 26. mars
Kl. 13.15: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med Raude Kross Nordisk United World College.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 14.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med Nettverk for religion og utvikling.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Statssekretær Audun Halvorsen

Onsdag 24. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Audun Halvorsen deltek (digitalt) på eit møte med Noregs bondelag, NNN og NHO mat og drikke om frihandelsforhandlingane med Storbritannia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 25. mars
Kl. 11.30: Statssekretær Audun Halvorsen deltek (digitalt) på eit møte med Europas utanriksteneste (EEAS) om tryggleiks- og forsvarspolitkk. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Statssekretær Audun Halvorsen deltek (digitalt) på eit møte med sivilt samfunn om barn i væpna konflikt og arbeidet i FNs tryggingsråd.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Måndag 22. mars
Kl. 12.00: Statssekretær Jens Frølich Holte deltek (digitalt) på eit ministermøte i Ottawa-gruppa (om reform av Verdas handelsorganisasjon, WTO).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.00: Statssekretær Jens Frølich Holte deltek (digitalt) på eit møte i Monaco Blue Initiative (om berekraftig havøkonomi). Sjå meir på initiativets nettsider

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 23. mars
Kl. 15.00: Statssekretær Jens Frølich Holte deltek (digitalt) på bilaterale konsultasjonar med Peru.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02