Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 20
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.05.2021
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 20, 2021.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide
Måndag 17. mai
Kl. 11.30: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på eit digitalt 17. maiarrangement for det diplomatiske korps. Stad: Munch-museet
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 18. mai
Kl. 12.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide er til stades i Stortinget i samband med statsminister Erna Solbergs utgreiing om Afghanistan.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 19. - torsdag 20. mai
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på ministermøtet i Arktisk råd. Stad: Reykjavik. Sjå eigen presseinformasjon.
Pressekontakt: Anne Haavardsdatter Lunde, 97 67 12 50
Fredag 21. mai
Kl. 09.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek (digitalt) på Europarådets ministermøte.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein
Tysdag 18. mai
Kl. 12.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein besøkjer Ljan skule for ei filminnspeling i regi av Det globale partnerskapet for utdanning. Utviklingsministeren vil diskutere covid-19 og utdanning med elevar og lærarar ved skulen. Utdanningsminister i Burkina Faso, Stanislas Ouaro, deltek på skjerm.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Onsdag 19. mai
Kl. 12.15: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med Julia Gillard, styreleiar i Det globale partnarskapet for utdanning. Tema for møtet er global utdanning i lys av covid-19.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Kl. 14.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein deltek på eit digitalt møte i FNs tryggingsråd om konflikt og covid-19 i Afrika.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Torsdag 20. mai
Kl. 10.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med Buddies for Africa om utdanning i DR Kongo.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Fredag 21. mai
Kl. 10.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein held ei videohelsing til Misjonsalliansens 120-årsjubileum.
Pressekontakt: Politisk rådgjevar Sondre Olsen, 92 60 51 63
Kl. 15.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein deltek på eit digitalt givarmøte med Redd Barna og Den internasjonale redningskomiteen om svolt og underernæring.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Statssekretær Jens Frølich Holte
Fredag 21. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Jens Frølich Holte har eit møte med Irans ambassadør.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 12.30: Statssekretær Jens Frølich Holte har eit møte med Storbritannias ambassadør.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02