Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 23
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 04.06.2021
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 23, 2021.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide
Måndag 7. juni
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide har eit møte med Tysklands utanriksminister Heiko Maas om mellom anna internasjonalt samarbeid. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Berlin
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide, mobil 95 72 65 10
Tysdag 8. juni
Kl. 10.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek (digitalt) på eit urfolkstoppmøte i Barentsrådet. Tema for møtet er viktigheita av urfolks deltaking i barentssamarbeidet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 9. juni
Kl. 12.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide er i Stortinget i samband med sakshandsaming i nasjonalforsamlinga.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 11. juni
Kl. 10.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide har eit møte (digitalt ) med den nye leiaren i FNs kontor for Vest-Afrika og Sahel (Unowas), Mahamat Saleh Annadif.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein
Tysdag 8. juni
Kl. 13.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein er gjest i NRKs podkast Teige lydstudio på Marienlyst.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Fredag 11. juni
Kl. 08.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med elevar på Hans Nielsen Hauge Vgs i Fredrikstad. Møtet vart utsett frå 4. juni.
Pressekontakt: Politisk rådgjevar Sondre Olsen, 92 60 51 63
Kl. 12.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med sivilt samfunn om strategien for inkludering av personar med nedsett funksjonsevne.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Statssekretær Audun Halvorsen
Fredag 11. juni
Kl. 12.00: Statssekretær Audun Halvorsen deltek i bilaterale konsultasjonar med Polen om tryggleikspolitikk.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Jens Frølich Holte
Tysdag 8. juni
Kl. 13.00: Statssekretær Jens Frølich Holte deltek (digitalt) på Havdagen, eit arrangement skipa til av det norske generalkonsulatet i Shanghai.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 15.00: Statssekretær Jens Frølich Holte deltek (digitalt) på eit norsk-canadisk møte om høgnivåpanelet for ein bærekraftig havøkonomi.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 10. juni
Kl. 10.45: Statssekretær Jens Frølich Holte har eit møte (digitalt) med ambassadørkorpset om det grøne skiftet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 16.00: Statssekretær Jens Frølich Holte har ein samtale (digitalt) med Mexicos statssekretær Marta Delgado.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Aksel Jakobsen
Tysdag 8. juni
Kl. 11.30: Statssekretær Aksel Jakobsen har eit digitalt møte med Irlands utviklingsminister Colm Brophy. Tema for møtet er jenters utdanning, hav og ACT-A og kamp mot pandemien.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Onsdag 9. juni
Kl. 14.00: Statssekretær Aksel Jakobsen deltek på første møte i Verdas helseorganisasjons høgnivåkoalisjon for helse og energi. Møtet er digitalt.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Torsdag 10. juni
Kl. 10.45: Statssekretær Aksel Jakobsen deltek på eit digitalt ambassadørmøte om grøn omstilling.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83