Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 25
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 18.06.2021
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 25, 2021.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide
Måndag 21. juni
Kl. 15.15: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på Nupis utanrikspolitiske konferanse om tryggingspolitiske moglegheiter etter pandemien. Sjå meir på Nupis heimesider.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 22. juni
Kl. 10.30: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide held eit innlegg (digitalt) på den 10. Barents parlamentarikarkonferansen. Sjå meir på barentssamarbeidets heimeside.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 23. juni
Kl. 12.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide har det årlege samarbeidsmøtet (digitalt) med sametingspresident Aili Keskitalo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 13.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek saman med utviklingsminister Dag-Inge Ulstein på lanseringa av Sahel-strategien. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Mølleparken 4, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein
Måndag 21. juni
Kl. 10.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein deltek på Norfunds generalforsamling. Stad: Oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Kl. 13.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med sivilt samfunn om internasjonal pandemirespons og ACT-A.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Tysdag 22. juni
Kl. 08.30: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit møte med Gunnar Zachrisen, avtroppande redaktør i Bistandsaktuelt. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Onsdag 23. juni
Kl. 13.15: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein deltek på lanseringa av regjeringas Sahel-strategi i Medvinds studio i Mølleparken 4. Sjå eigen presseinformasjon.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Torsdag 24. juni
Kl. 10.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein deltek på lanseringa av regjeringas handlingsplan for LHBTIQ i regjeringas representasjonsanlegg. Stad: Parkveien 45, Oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Statssekretær Audun Halvorsen
Måndag 21. juni
Kl. 14.00: Statssekretær Audun Halvorsen deltek (digitalt) på eit styremøte i Centre for High North Logistics (CHNL).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 22. juni
Kl. 14.00: Statssekretær Audun Halvorsen deltek (digitalt) i ein debatt om Afghanistan i FNs tryggingsråd.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 24. juni
Kl. 14.30: Statssekretær Audun Halvorsen deltek (digitalt) på eit møte i styret i Norsk-ukrainsk handelskammer (NUCC).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Jens Frølich Holte
Torsdag 24. juni
Kl. 11.00: Statssekretær Jens Frølich Holte har eit møte (digitalt) med Norges fotballforbund.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 25. juni
Kl. 09.30: Statssekretær Jens Frølich Holte har eit møte (digitalt) med menneskerettsforsvararar frå Europa i samband med Oslo Pride.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 15.00: Statssekretær Jens Frølich Holte deltek på eit webinar om bærekraftig havforvalting saman med mellom anna Portugals havminister - skipa til av EU-delegasjonen i Brussel i samarbeid med det portugisiske EU-formannskapet..
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Aksel Jakobsen
Måndag 21. juni
Kl. 15.30: Statssekretær Aksel Jakobsen har eit digitalt møte med Peter Bakker, leiar i World Business Council for Sustainable Development (WBCSD) om rolla til privat sektor for å bidra til mattryggleik og klimatilpassing. Medlemma i WBCSD er om lag 200 leiande internasjonale selskap, mellom anna Yara og Norsk Hydro. Møtet vart utsett frå 31. mai.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Torsdag 24. juni
Kl. 13.00: Statssekretær Aksel Jakobsen deltek i ein digital panelsamtale om inkluderande vekst, gjeld og økonomisk styring under Afrikabankens årsmøte.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Fredag 25. juni
Kl. 13.00: Statssekretær Aksel Jakobsen deltek i ein digital panelsamtale om matsystem og mat frå havet i regi av handlingsnettverket Sustainable Food from the Oceans and Inland Waters for Food Security and Nutrition, som vart etablert av Noreg under paraplyen til FNs ernæringstiår.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83