Historisk arkiv

Utanriksministeren på høgnivåmøte i austersjøsamarbeidet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltok 1. juni 2021 på eit høgnivåmøte innanfor ramma av Austersjørådet. Møtet vart holdt digitalt under leiing av Litauens utanriksminister Gabrielius Landsbergis. Litauen leiar Austersjørådet fram til 1. juli. Noreg tek deretter over ordførarskapet for eit år.

Deltakarane på møtet i Austersjørådet. Foto: Litauens utanriksdepartement
Deltakarane på møtet i Austersjørådet. Foto: Litauens utanriksdepartement

Møtet samla utanriksministrar og andre høgnivårepresentantar frå dei elleve medlemslanda i Austersjørådet og EU. Ein viktig leveranse frå møtet var semje om ein ny, felles visjon for utviklinga i Austersjøregionen fram mot 2030.

Den vedtatte erklæringa setjer ambisiøse mål for regionen med omsyn til FNs berekraftagenda.

– Det er veldig bra at erklæringa går langt i å setje opp mål for klimanøytralitet, stans i øydelegginga av biologisk mangfald og legg vekt på grøn og blå økonomi, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide. Utanriksministeren trakk også fram viktigheita av bidraga frå ungdom og sivilsamfunn for å halde  på Austersjøregionen som ein trygg og framgongsrik stad.

– Visjonen om Austersjøregionen seier korleis regionen kan sjå ut om nokre år, om vi samarbeider med same mål og verdiar i tankane, seier utanriksminister Eriksen Søreide.

Noreg tek over ordførarskapet

Noreg tek over leiinga av Austersjørådet om ein månad og har planlagt eit program med særleg vekt på samarbeid om grøn omstilling i industri og transport, auka involvering av sivilsamfunn og ungdom, fylke og byar i regionen, samt vidareføring av samarbeid for samfunnstryggleik, mot menneskehandel, organisert kriminalitet og for vern av sårbare born og unge.

Fakta om Austersjørådet

Austersjørådet (Council of the Baltic Sea States) vart danna i 1992 på dansk og tysk initiativ. Leiinga går på rundgong. Organisasjonen fyller 30 år i mars neste år. Noreg og Island grenser ikkje til Austersjøen, men har vore likeverdige medlem frå starten, saman med øvrige nordiske og baltiske land, Tyskland, Polen og Russland. EU ved Europakommisjonen er òg med.

Utviklinga i regionen har særleg etter Russlands folkerettsbrot i og andsynes Ukraina stagnert på fleire felt. Austersjørådet er på si side ein del av eit omfattande nettverk for samarbeid i Nord-Europa som Noreg er med i, som mellom anna inkluderer Nordisk ministerråd, Barentsrådet, Arktisk råd, Den nordlege dimensjonen (ND) mellom EU, Russland, Noreg og Island og dei fire ND-partnerskapa (for miljø, for helse og livskvalitet, for kultur og for transport og logistikk), EU sin austersjøstrategi og Interreg.