Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide møter Blinken og Lavrov på Island

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vil ha bilaterale møte både med USAs utanriksminister Antony Blinken og med Russlands Sergej Lavrov i samband med Arktisk råds utanriksministermøte i Reykjavik onsdag 19. mai.

I tillegg skal ho ha møte med Canadas utanriksminister Marc Garneau.

Sjølve ministermøtet finn stad torsdag 20. mai. Møtet markerer 25-årsjubileet for Arktisk råd. Vert for møtet er Islands utanriksminister Gudlaugur Thor Thordarsson.

Representantar for seks urfolksorganisasjonar vil også delta. Det same gjer president i Sametinget, Aili Keskitalo.

Det er i år 25 år sidan Arktisk råd vart danna. Rådet er det viktigaste forumet for samarbeid mellom dei arktiske statane. Her kjem alle dei landa som grenser til eller har interesser rundt Arktis saman for å diskutere viktige tema som vedkjem dei arktiske områda, ikkje minst klima, hav, grøn energi og berekraftige lokalsamfunn.

Island avslutter nå formannskapen sin i Arktisk råd og Russland tek over. Om to år er det Noreg sin tur.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 97 67 12 50