Frå Fredskorpset til Norec: Klar for framtida!
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 16.08.2018
Av: Tidligere utviklingsminister Nikolai Astrup (artikkel i Bergens Tidende (bt.no), 16. august)
Ei ny tid krev ei ny tilnærming til utvikling. No skiftar Fredskorpset namn for å bli godt skodd for framtida. Då Fredskorpset vart oppretta i 1963, opplevde Noreg etterlengta velstand og sysselsetjing etter krigen, skriv utviklingsminister Nikolai Astrup saman med Norecs direktør Jan Olav Baarøy.
Dei folkevalde hadde kjent dei magre krigsåra på kroppen, og det var eit auka ønskje om å bidra til utvikling også i resten av verda.
Dei første «fredskorpsarane» reiste på utveksling til Uganda. Føremålet var å skape framgang for folk i krevjande kår med hjelp til sjølvhjelp, og lære nordmenn om korleis folk levde andre stadar i verda. Noreg og nordmenn måtte også endre seg dersom verda skulle bli ein betre stad for alle.
Sidan har meir enn 10.000 menneske reist på tvers av landegrenser og arbeidd ein periode for ei partnarverksemd gjennom Fredskorpset. Dei har jobba for demokrati og ytringsfridom. Dei har i ung alder utfordra eldre leiarar i utviklingsland. Dei har etablert kontaktar, skapt innsikt og etablert kunnskap både der ute og her heime.
Etter kvart vart utvekslinga også gjensidig. For kvar person som reiste til Uganda, skulle ein person frå Uganda også reise til Noreg. Fredskorpset snakka ikkje lenger om «gjevarar» og «mottakarar» av utviklingshjelp. Saman måtte vi utvikle oss for å oppnå framgang.
Fredskorpset skapte ei ny tilnærming til utvikling. Ei tilnærming vi finn att i berekraftsmåla som FNs medlemsland vedtok i 2015. Måla omfattar alle land, og alle delar av samfunnet. Dei bryt med tradisjonell tanke om at utvikling framfor alt er eit spørsmål om bistand. Å nå berekraftsmåla, gjer krav på nasjonal innsats og nasjonale ressursar. I dette ligg ei viktig erkjenning: Skal verda nå måla, må alle land ta eigarskap til sine utfordringar og prioritere sine ressursar rett.
Berekraftsmåla viskar ut skiljet mellom utviklingsland og utvikla land, og vi legg difor gjensidig samarbeid og reelle partnarskap til grunn for utviklingssamarbeidet. Det er eit felles ansvar å ta tak i dei globale utfordringane, og alle land i verda har eit ansvar for å bidra til berekraftig utvikling.
Det er behov for internasjonalt samarbeid og engasjerte menneske som kan overføre kunnskap og erfaring mellom verksemder i Norge og utlandet, motsett veg og mellom utviklingsland.
Noreg er ikkje berre rikt i pengar. Vi har også verdifull erfaring og kompetanse som kan kome utviklingslanda til gode. Ein velfungerande skatteetat kan lære utviklingsland å krevje inn skatt. SSB kan dele erfaringar ved fødselsregistrering. Fiskeristyresmaktene kan gi opplæring i berekraftig bruk av havet og god fordeling av ressursar. Og norsk næringsliv kan fortelje kva som skal til for å drive ei bedrift med økonomisk overskot og samstundes sikre trygge arbeidsvilkår.
Til saman kan vår kompetanse bidra til langsiktig kapasitetsbygging og nasjonal ressursmobilisering i utviklingsland.
Fredskorpset har allereie vore forut for si tid. Vårt mål er at Fredskorpset framleis skal leie an. Fredskorpset har difor fått ny instruks der føremålet er å gjere verksemda til ein meir integrert del av Noregs utviklingsinnsats.
I tillegg skiftar Fredskorpset namn til Norsk Senter for Utvekslingssamarbeid - eller Norwegian Agency for Exchange Cooperation, som gir forkortinga Norec. Samstundes har verksemda flytta til Førde for å utvikle organisasjonen vidare til å bli eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid. På Vestlandet finn vi leiande internasjonale miljø, store klyngjesamarbeid og eit framtidsretta næringsliv som Norec kan dra nytte av.
Samarbeid er fundamentalt for å oppnå utvikling i verda. Ikkje berre på tvers av landegrenser, men også på tvers av sektorar, offentlege institusjonar og private aktørar. Framover skal Norec difor samle eit mangfald av verksemder frå privat næringsliv, organisasjonar og institusjonar frå inn- og utland som byter arbeidskraft til gjensidig styrking av sitt arbeid.
Norec skal byggje utvekslingsprogramma sine slik at utvekslingsdeltakarane medverkar til fagleg utvikling både under utvekslinga og etter at dei kjem heim att til eigne samfunn. Norec skal vere eit kompetansesenter for utvekslingsverksemd, og aktivt støtte opp om prosjektpartnarar og utvekslingsdeltakarar med kurs, rettleiing og oppfølging.
Målet er det same som i resten av utviklingspolitikken, å bidra til å nå berekraftsmåla. Det målet er for viktig til å ha nokon få med på laget. Difor er vår ambisjon at Norec vil treffe og mobilisere fleire til felles innsats.