Kunnskapsministeren til Trondheim
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Kalenderhending | Torbjørn Røe Isaksen
Stad:
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har eit mangfoldig program i Trondheim onsdag 6. mai. Pressa er velkommen med på besøka
Program
0900-0940 NTNU Ocean Week, Marintek, Tyholt
Kunnskapsministeren fortel om regjeringa si satsing på havforsking. Han deltek òg i ein paneldebatt: Korleis kan universiteta bidra til at fleire barn og unge ynskjer ei utdanning innan havromsvitskap og teknologi?
0940-0945: Tid til media
10:00-11:15 Nasjonal konferanse og bruk av IKT i utdanning og læring (NKUL) Realfagbygget ved NTNTU
NKUL er den største møteplassen i Noreg for den som har interesse for bruk av IKT i undervising. Deltakarane er lærarar, barnehagelærarar, skoleleiarar og andre deltakarar frå utdanningssektoren.
10:00 – Innmarsj Strindens Promenadeorkester
10:15 – Opningsføredrag – Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Statsråden teiknar eit bilete av framtidsskolen.
10:45- 11:15 Debatt – Torbjørn Røe Isaksen og Trond Giske, TV2 Nyhetskanalen
12:00-14:00 SINTEF Marintek, Otto Nielsens veg 10
Kunnskapsministeren får ei orientering om planane for Ocean Space Centre og vert vist rundt i havlaboratoria. Ope for media.
14:15-15:00 Forny2020, Clarion Hotel Brattøra
Kunnskapsministeren deltek på på 20-årsjubileet til FORNY2020.
FORNY2020 er Forskningsrådet sitt program for å bringe resultat frå offentleg finansierte forskingsinstitusjonar fram til marknaden.
1500-1530: Møte med leiinga ved NTNU, Clarion Hotel Brattøra
Kontaktperson i KD er medierådgivar Frank Gøran Nordheim. Mobil: 930 17 436. E-post: frno@kd.dep.no.