Kunnskapsministeren besøker Drammen videregåande skole
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Kalenderhendelse | Torbjørn Røe Isaksen
Sted: Drammen vidaregåande skole
Fredag 31. mars kjem kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Drammen vidaregåande skole for å rekruttere søkarar til den nye lærarutdanninga.
Kunnskapsministeren skal stå på stand saman med studentar og representantar frå Høgskolen i Sørøst-Norge. Høgskolen er for tida på turné i Buskerud, Vestfold og Telemark med ei campingvogn – for å informere om lærarutdanninga.
Kunnskapsministeren skal møte elevar frå Drammen vidaregåande skole for å snakke om den nye lærarutdanninga, og kva dei legg vekt på når dei skal velje utdanning.
Tid: Fredag 31. mars kl. 0900 – 1000.
Stad: Drammen vidaregåande skole, Danvikgata 25, 3045 Drammen.
Fristen for å søke høgare utdanning er 15. april. Nytt i år er at ein kan søke på femårig lærarutdanning med mastergrad i heile landet. Berre i Buskerud, Vestfold og Telemark treng ein 4600 lærarar dei neste ti åra, om ein skal erstatte alle lærarar som er ufaglærte eller går av med pensjon.
Det blir høve til å intervjue kunnskapsministeren og elevar under besøket.
Vi ber journalistar som ønsker å intervjue kunnskapsministeren kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Anbjørg Bakken, tlf. 99009260, e-post: anb@kd.dep.no.