Historisk arkiv

Forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø drar til Kristiansand for å få fleire elevar til å velje lærarutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Stad: Kristiansand

Berre for pressa

Tysdag 12. mars besøker statsråd Iselin Nybø Kristiansand for å få fleire elevar på vidaregåande skole til å søkje lærarutdanning for dei yngste barna.

Noreg treng mange dyktige lærarar i åra som kjem, og det er særleg behov for dyktige lærarar på trinn 1-7. Derfor besøker Nybø Kristiansand Katedralskole Gimle

saman med ei gruppe lærarstudentar frå Universitetet i Agder. Målet er å inspirere elevane til å velje lærarutdanning.

 

Forskings- og høgre utdanningsministeren ønsker også å få innspel frå studentar og tilsette ved Universitetet i Agder om kva som må gjerast for at fleire studentar skal dra på utveksling. Nybø arbeider med ei stortingsmelding om studentmobilitet. Noreg har  forplikta seg til at innan 2020, så skal 20 prosent av alle studentar som fullfører ein grad skal ha hatt eit studie- eller praksisopphald i utlandet.

 

Program tysdag 12. mars

Kl. 10.00 – 11.15

Statsråd Nybø vil saman med lærarstudentar ved Universitetet i Agder verve elevar til lærarutdanning.

Adresse: Kristiansand Katedralskole Gimle, Jegersbergveien 1, 4630 Kristiansand

Kl. 12.00 – 12.30

Lunsj og samtale mellom statsråd Nybø og studentar ved Universitetet i Agder som har vore på utveksling

Adresse: Campus Kristiansand, Universitetsveien 25, 4630 Kristiansand (7.etasje i høgblokka).

Kl. 12.30 – 15.00

 

Innspelsmøte med studentar og tilsette ved universitetet.

Adresse: Campus Kristiansand, Universitetsveien 25, 4630 Kristiansand (7.etasje i høgblokka).

Pressa er velkomen på alle arrangementa og det blir høve til å intervjue både statsråden og studentar.

 

Kontakt:
Journalistar som ønsker å intervjue statsråd Iselin Nybø kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Skaara Imset på telefon 93435930 eller pr. e-post på rask@kd.dep.no