Historisk arkiv

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø deltek på fadderveka ved NHH

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Adresse: Bergen

Stad: Norges Handelshøgskole

Berre for pressa

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) vitjar onsdag 14. august Norges Handelshøgskole (NHH) i Bergen.

Fadderveka skaper eit viktig grunnlag for å få venner og bli inkludert sosialt, og Nybø meiner det er viktig med aktivitetar som også introduserer studentane for den faglege delen av studiestarten. Ho understrekar også at det er viktig at det ikkje berre er fest og fyll som dominerer når ein skal inkludere nye studentar.

Dei siste åra har det vore mykje fokus på at fadderveka har blitt dominert av alkohol og at mange studentar har hatt utrivelege opplevingar. Fleire utdanningsinstitusjonar har no teke grep. Ved NHH i Bergen er det blant anna inngått eit samarbeid om felles køyrereglar for fadderveka. Statsråd Nybø får no delteke på nokre av aktivitetane og møter  nye studentar.

Sjå heilie programmet.