Historisk arkiv

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø drar til Volda for å få fleire elevar til å velje lærarutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Stad: Volda Vidaregåande skule og Høgskulen i Volda

Berre for pressa

Måndag 1. april besøker statsråd Iselin Nybø Volda for å få fleire elevar på vidaregåande skule til å søkje lærarutdanning for dei yngste borna.

Noreg treng mange dyktige lærarar i åra som kjem, og det er særleg behov for nye lærarar på trinn 1-7. Difor kjem Nybø Volda vidaregåande skule saman med ei gruppe lærarstudentar frå Høgskulen i Volda. Målet er å inspirere elevane til å velje lærarutdanning.

Forskings- og høgare utdanningsministeren ønskjer også å få innspel frå studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde - Vitenskapelig Høgskole i Logistikk om kva som må gjerast for at fleire studentar skal dra på utveksling til andre land. Nybø arbeider med ei stortingsmelding om studentmobilitet. Noreg har forplikta seg til at innan 2020, så skal 20 prosent av alle studentar som fullfører ein grad ha hatt eit studie- eller praksisopphald i utlandet.

Program måndag 1. april

Kl. 10.35 – 11.15 Statsråd Nybø vil saman med lærarstudentar ved Høgskulen i Volda verve elevar til lærarutdanning. Adresse: Volda Vidaregåande skule, Vevendelvegen 35, 6100 Volda. Festsalen.

Kl. 12.00 – 13.45 Innspelsmøte med studentar og tilsette ved høgskulen. Adresse: Høgskulen i Volda, Joplassvegen 11, 6103 Volda. Kaarstad-104.

Pressa er velkomen på begge arrangementa og det blir høve til å intervjue både statsråden og studentar på skulebesøket.

Kontakt: Journalistar som ønskjer å intervjue statsråd Iselin Nybø kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Skaara Imset på telefon 93435930 eller pr. e-post på rask@kd.dep.no