Historisk arkiv

Statsråd Iselin Nybø til Trondheim for å treffe studentgründerar med millionstipend

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Stad: Trondheim

Måndag 6. mai besøker statsråd Iselin Nybø (V) to av studentbedriftene frå NTNU som nyleg vann 1 million kroner kvar i gründerstipend frå Forskingsrådet.

Vil ha fleire studentar på utveksling

Nybø vil at fleire studentar skal reise utanlands i studietida, og arbeider med ei stortingsmelding om studentmobilitet. Difor møter ho studentar og tilsette frå NTNU for å få råd om kva vi må gjere for at fleire studentar skal reise på utveksling.

 

  • Noreg har forplikta seg til at 20 prosent av alle studentar skal reise ut innan 2020 og det hastar å leggje til rette for dette.
  • I dag reiser berre 16 prosent av alle norske studentar ut i løpet av studiet.

 

Program 6. mai

9.45-10.10

Nybø møter studentane bak Sensero og Koble, som fekk 1 million i gründerstipend kvar.

NTNU, Gløshaugen, Sem Sælands vei 5 (Gamle fysikk)

10.40-10.55

Nybø held tale på Ocean Week

Radisson Blu Royal Garden

12.00-14.30

Møte med studentar og tilsette ved NTNU. Innspel til den kommande stortingsmeldinga om internasjonal mobilitet

NTNU, Gløshaugen, Kolbjørn Hejes v 1B, 2 etasje.  (Varmetekniske laboratorier, 2. etg)