Historisk arkiv

Statsråd Iselin Nybø vil ha innspel til kva som må gjerast for at fleire studentar skal dra på utveksling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Adresse: Moltke Moes vei 39, Oslo

Stad: Georg Sverdrups Hus, Universitetet i Oslo

Tysdag 9. april møter forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø studentar og tilsette frå Universitetet i Oslo og OsloMet. Dette er sjette stopp på ein innspelsturné der Nybø ønskjer å få råd til kva som må gjerast for at fleire studentar skal dra på utveksling. I dag reiser berre 16 prosent av alle norske studentar ut i løpet av studiet.

Nybø arbeider no med ei stortingsmelding om studentmobilitet. Noreg har forplikta seg til at 20 prosent av alle studentar skal reise ut innan 2020 og det hastar å legge til rette for dette.