Historisk arkiv

Statsråd Nybø til Bærum for å få fleire elevar til å velje lærarutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Adresse: Brynsveien 116, 1352 Kolsås

Stad: Rosenvilde vidaregåande skole

Opent for alle

Tirsdag 26. mars besøker forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø tredjeklassingar på Rosenvilde vidaregåande skole i Bærum. Med seg har ho ei gruppe lærarstudentar frå OsloMet. Målet er å inspirere elevane til å velje lærarutdanning før søknadsfristen for høgre utdanning 15. april.

I 2040 vil Noreg mangle 5800 grunnskolelærarar på landsbasis, syner framskrivingar frå SSB. Det er med andre ord ein god arbeidsmarknad for lærarar i åra framover.

 

Oslo og Akershus treng mange nye lærarar i åra som kjem:

  • Av dei om lag 14 000 lærarar i grunnskolen i Oslo og Akershus er ca. 1000 ukvalifiserte.
  • Bortimot 2200 lærarar i dei to fylka er 60 år eller meir, og nærmar seg dermed pensjonsalder.
  • Kun 28 og 23 prosent av lærerne i grunnskolen i Oslo og Akershus er menn.

Tirsdag 26. mars besøker forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø tredjeklassingar på Rosenvilde vidaregåande skole i Bærum. Med seg har ho ei gruppe lærarstudentar frå OsloMet. Målet er å inspirere elevane til å velje lærarutdanning før søknadsfristen for høgre utdanning 15. april.

Program tirsdag 26. mars

  • Tid: Kl. 11.45 – 12.15: Statsråd Nybø og lærarstudentar frå OsloMet møter elevar for å snakke om lærarutdanning og læraryrket.
  • Stad: Rosenvilde vidaregåande skole, Brynsveien 116, 1352 Kolsås

Pressa er velkomen på arrangementet, og det blir høve til å intervjue både statsråden, studentar og elevar.