Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Bergen og Kvam kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Stad:

Berre for pressa

Torsdag 2. mai kjem kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Bergen og Kvam kommune. Sanner ønskjer å sjå gode eksempel og ha dialog om korleis barnehagar og skolar arbeider med tidleg innsats for å fange opp barn som strevar.

Program for dagen:

 

10.00-11.00                        Besøk Alrekstad skole. Statsråden møter elevar, foreldre og tilsette ved skolen for dialog og omvising. Adresse:  Årstadgeilen 25, 5009 Bergen

 

12.30 – 14.00               Opning av Kvam familie- og læringssenter. Statsråden held opningsinnlegg og møter elevar og tilsette.

 

Om Alrekstad:

Alrekstad skole er ein del av Bergen kompetansesenter for læringsmiljø (BKL), og består av tre avdelingar. Alrekstad skole har plass til 24 fulltidselevar. Skolen samarbeider med PPT ved at det er PPT som saman med skolen vurderer om eleven skal søke om plass på Alrekstad skole, og PPT er med på fleire ansvarsgruppemøte rundt elevene.

Om Kvam familie -og læringssenter:

Det nye Kvam familie- og læringssenter skal stå for eit samordna og tverrfagleg tenestetilbod. Det inkluderer PPT, barnevern, fysioterapi for born og unge, samt eit familiesenter med psykolog, familieterapeut og utekontakt; barnevern. Det omfattar dessutan administrasjon for barnehage, skole, helsestasjon og skolehelseteneste.