Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsministeren legg fram stortingsmeldinga Tett på - Tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Adresse: Bogstadveien 74, 0366 Oslo

Stad: Majorstuen skole, inngang A, 4. etasje

Berre for pressa

Fredag 8. november legg statsminister Erna Solberg og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner fram stortingsmeldinga Tett på –Tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Stortingsmeldinga skal få hjelpa nærare barna.

Målet med meldinga er å utvikle barnehagar og skular som skal gi alle barn og elevar eit godt tilpassa og inkluderande pedagogisk tilbod.

I dag er det for store kvalitetsforskjellar mellom barnehagar, skular og SFO når det gjeld tidleg innsats – og fleire rapportar har peika på at spesialundervisninga fungerer for dårleg. For mange barn får i dag hjelp for seint. Dette er nokre av utfordringane den nye stortingsmeldinga tar tak i. På pressekonferansen vil regjeringa presentere tiltaka i meldinga.

Rett etter pressekonferansen blir det høve til å vere med på besøk til ei klasse på ungdomstrinnet. Her kan pressa også fotografere og det blir sett av tid til separate intervju med statsministeren og kunnskaps- og integreringsministeren.

Pressekontakt: Journalistar som ønsker å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Skaara Imset på mail rask@kd.dep.no eller på mobil 934 35 930.

Pressekonferansen blir strøymd på www.regjeringen.no/kd