Historisk arkiv

Klima- og miljøministeren held innlegg om regnskog for kongressrepresentantar i USA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Stad: Digitalt møte

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn held innlegg om regnskog for International Conservation Caucus i den amerikanske kongressen.

Arrangementet vil vere eit opent medlemsmøte i kongress-gruppa International Conservation Caucus. Ei rekke kjende representantar er med i denne gruppa, som er den største i Kongressen.

I desse gruppene diskuterer representantane og rådgivarane deira klima – og vernespørsmål i lukka møte. I tillegg har dei opne møte, der representantane får innspel og kunnskap frå organisasjonar og næringslivet. Dette møtet om regnskog vil dreiast om dei norske
prioriteringane.