Historisk arkiv

Klima- og miljøministeren deltek på 50-årsmarkeringa av Stockhomkonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Stad: Stockholm

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide vil vere tilstades og leie den norske delegasjonen til Stockholm +50.

Stockholmskonferansen i 1972 var FN si første miljøvernkonferanse. Opningsdagen 5. juni er sidan vorte markert som verdas miljøverndag kvart einaste år. I år blir jubileumet markert med eit nytt stort internasjonalt toppmøte i Stockholm (Stockholm +50).

Formålet med måtet er todelt: Ein skal markere 50-årsjubileet av Stockholmskonferansen, FNs miljøprogram (UNEP), Verdens miljødag og Stockholmerklæringen med 26 miljøprinsipp. Det andre formålet er diskutere korleis verda kan få fart på omstillinga til eit berekraftig samfunn.

Sverige og Kenya er vertskap for møtet.

Pressekontakt: Martin Lerberg Fossum +47 468 19 812 eller epost: mailto:martin-lerberg.fossum@kld.dep.no