Rundskriv til lov av 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Rundskriv H-10/15
Rundskriv | Dato: 25.06.2015
Nr: H-10/15
Status: Ugyldig/oppheva - erstatta av Rundskriv til lov av 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)
Inndelingslova i seg sjølv seier ikkje noko om når ei grense bør endrast eller kva ho skal gå ut på, men gjev reglar om kva som skal skje frå det er teke initiativ til ei endring og til endringa er gjennomført.
Fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser blir regulert av lov av 15. juni 2001 nr. 70. I arbeidet med konkrete inndelingssaker i den pågåande kommunereforma har departementet blitt merksam på behov for oppdatere rundskrivet til inndelingslova H- 8/14, med eit nytt rundskriv H – 10/15. Dette rundskrivet erstattar rundskriv H-01/07 og H-08/14.
Fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser blir regulert av lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova). Dei seinaste endringane i inndelingslova er omtalt i (Prop.109 L (2012–2013), Innst.393 L (2012–2013) og Lovvedtak 109 (2012–2013).
Inndelingslova i seg sjølv seier ikkje noko om når ei grense bør endrast eller kva ho skal gå ut på, men gjev reglar om kva som skal skje frå det er teke initiativ til ei endring og til endringa er gjennomført.
Kommune- og fylkesgrensene avgrensar den stadlege kompetansen til kommunen, fylkeskommunen og fylkesmannen. Det er den administrative grensa som avgjer kva område dei lokale styresmaktene kan ta avgjerder om. Ei kommunegrense treng ikkje falle saman med grensa mellom to private eigedomar som ligg i kvar sin kommune eller i kvart sitt fylke. Kommunegrensa er avgjerande for rettar og plikter som innbyggjarane har. Ei endring av ei kommunegrense kan mellom anna avgjere kva for skattar og avgifter som gjeld, kva for offentlege tenester som kan nyttast (til dømes skule- og barnehagetilbod) og kva kommune ein kan stemme i.