Historisk arkiv

Kultur- og likestillingsministeren presenterer ny språklov og språkmelding

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Stad: Auditoriet, R5

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja presenterer tysdag 12. mai kl. 11.00 språkmeldinga og forslag til ny språklov.

Tid: Tysdag 12. mai kl. 11.00

Stad: Auditoriet R5, Akersgata 59

 

Departementa har innført eigne tiltak for å hindre spreiing av smitte blant besøkjande og tilsette. Vi har avgrensa talet på plassar til media, og ber difor om påmelding til kudinfo@kud.dep.no innan 12. mai kl. 09.00.

Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.

 

For dei som ønskjer å delta, er oppmøte seinast kl. 10.55. Ta med ID.

 

Kulturdepartementet legg til rette for deling av video og bilete. Pressekonferansen vert filma  og kan følgjast direkte på regjeringa.no Der kan ein også laste ned videofila.

Pressekonferansen vert teiknspråktolka.

 

DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medium som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette kan treffast på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no. Ta kontakt med kudinfo@kud.dep.no for å få tilsendt bilete.  

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på eigne nettsider, kan bruke følgjande embed-kode:

 

<div id='wowza_player'></div>

<script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/sj3v8j2m/wowza.js' type='text/javascript'></script>