Historisk arkiv

Rundskriv V-001/2020 Om utarbeiding av søknad om tilskot for 2020 og statistikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2021 og statistikkskjema for 2019.

Rundskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2020 og statistikk

1. Innleiing

Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2021 og statistikkskjema for 2019.

Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no. Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i institusjonens innboks i Altinn i perioden 1. februar–1. mars 2020.

Det at Kulturdepartementet nyttar søknadsskjema i Altinn betyr at du som søker på vegne av verksemda, må ha elektronisk ID for å logge inn. Dette er den same ID-en som du brukar når du til dømes leverer sjølvmeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID kan du lese om korleis du skaffar deg det på denne sida på ID-porten hos Digitaliseringsdirektoratet.

For å få tilgang til årets budsjett- og statistikkskjema må den, eller dei, som skal fylle ut på vegne av verksemda, først logge seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjett- og statistikkskjema i vedlagde rettleiing.

På første side i søknadsskjemaet finn de gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av riktig nettlesar, lagring av tekst og korleis ein under vegs i arbeidet kan sjå ein PDF-versjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar. Vi oppmodar om å lese informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstar nøye, og å byrje på arbeidet med søknaden i god tid.

Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, ta kontakt med Altinns portalhjelp. Har du spørsmål til utfyllinga av budsjett- og statistikkskjema, ver god og bruk denne adressa: skjemaveiledning@kud.dep.no.

2. Budsjettsøknad

Søknaden skal mellom anna innehalde:

  • revidert rekneskap for 2019 
  • arbeidsbudsjett 2020 
  • statusrapport om økonomisk utvikling 
  • vurdering av måloppnåing for 2019 
  • mål og prioriteringar for 2021 
  • statistikkskjema for publikum, aktivitetar, årsverk og tilsette

2.1 Revidert rekneskap

Rekneskapen inkludert balansen må innehalde alle utgifter og inntekter som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen skal vere revidert. Vesentlege avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2019 skal kommenterast. Tilskotsmottakarane må forklare årsaker til eit eventuelt negativt årsresultat og opplyse om korleis dette blir dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.

2.2 Arbeidsbudsjett for 2020

Tilskotsmottakar må utarbeide arbeidsbudsjett for 2020 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen. Arbeidsbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter som tilskotsmottakaren reknar med å få i løpet av budsjettåret.

2.3 Statusrapport om økonomisk utvikling

Statusrapporten skal vere ein presentasjon av dei vesentlegaste forholda ved tilskotsmottakarens økonomiske situasjon. Rapporten skal også gjere greie for andre sentrale problemstillingar for institusjonen, og omtale tiltak for å sikre god ressursutnytting.

2.4 Vurdering av måloppnåing

Merk at tilskotsmottakar skal gi ei vurdering av måloppnåing i samsvar med dei måla som vart omtalte i budsjettsøknaden for 2019. Altinn-skjemaet er på førehand fylt ut med dei måla som tilskotsmottakar skreiv inn i søknaden for 2019.
Tilskotsmottakar må også rapportere i tråd med andre krav og føresetnader for statstilskotet, jf. tilskotsbrevet for 2019.

2.5 Mål og prioriteringar for 2021

Tilskotsmottakarane må i søknaden for 2021 opplyse om måla for verksemda. Tilskotsmottakarane skal sjølve definere måla for verksemda innanfor ramma av de overordna måla for kulturpolitikken. Måla må formulerast slik at det i ettertid er mogleg å måle og vurdere om dei er nådd. Planlagd drift i søknadsåret skal ta utgangspunkt i uendra driftstilskot.

Tilskotsmottakar skal omtale strategiar og langsiktige planar for dei neste tre åra. Det skal gå tydeleg fram av omtalen kva som er tilskotsmottakars strategiar og planar i ein situasjon der statstilskotet blir vidareført på same nivå som i dag.

Talbudsjettet for 2021 må innehalde alle utgifter og inntekter institusjonen reknar med å få. Inntekter og utgifter må balansere. Tilskot frå andre enn Kulturdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken skal spesifiserast i særskilde felt.

Søknaden kan innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Forslag til slike tiltak krev særskild grunngiving med plan for finansiering. Eventuelle forslag må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må tilskotsmottakaren vurdere om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til disposisjon, og kva konsekvensane av dette vil vere. Eventuelle forslag om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefølgje.

2.6 Statistikkskjema

Tilskotsmottakarane skal fylle ut skjemaet for statistikk over aktivitetar, publikum, årsverk og likestilling.

2.7 Endringar i kontonummer og adresse

Om de har endra kontonummer og/eller adresse må dette meldast til postmottak@kud.dep.no. Det er ikkje nok å endre desse opplysningane i budsjettsøknadsskjemaet. Endring av navn på verksemda i Altinn må meldast til Enhetsregisteret.

3. Fristar i 2020

Frist for å levere søknaden er 1. mars 2020 kl. 23.59.

Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i Altinn frå 1. februar, og institusjonen kan arbeide med og gjere endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknadsfristen er absolutt og det vert ikkje gitt utsetjing, uavhengig av årsak. Søknader som vert sendt inn etter fristen vil verte avvist automatisk.

I samband med innsending av budsjettsøknad 2021 er musikk- og scenekunstinstitusjonane også bedne om å fylle ut skjema for pensjonsskyldnader, jf. tilskotsbrev for 2020 frå Kulturdepartementet. Skjemaet skal sendast til postmottak@kud.dep.no.

Den 15. desember 2017 vedtok Stortinget endringar i rekneskapslova som inneber at kravet til årsmelding for små føretak er oppheva. I tillegg til rapporteringa i nettportalen skal tilskotsmottakarar som er definert som små føretak etter krava i rekneskapslova, berre levere revidert rekneskap for 2019 med revisormelding til departementet. Store føretak skal, som før, levere årsmeldinga frå styret saman med revidert rekneskap for 2019 og revisormelding.

Dokumenta skal sendast til postmottak@kud.dep.no så snart dei ligg føre og seinast 1. mars 2020.


Med helsing

Christine Hamnen (e.f.)
ekspedisjonssjef

Cathrine Landa Paulsen
seniorrådgjevar