Høyringsmøte om klimastrategien i ny NTP 2018-2029
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 07.01.2020
Samferdselsdepartementet heldt 13. juni 2016 eit høyringsmøte om klimastrategien i ny Nasjonal transportplan 2018-2029. Du kan følgje møtet i opptak på nett-tv. Dette er ein del av høyringa av plangrunnlaget for ny transportplan som etatane har laga. Ny NTP kjem våren 2017.
SD Høringsmøte om klima i ny NTP
Se sendingen her
- Det er viktig at transportsektoren reduserer sin del av miljøbelastinga, både i form av støy og utslepp. Det er derfor både viktig og nyttig å få gode innspel om ny teknologi, arealpolitikk, drivstoff og andre løysingar som kan bidra til ein meir miljøvennleg og energieffektiv transportsektor, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Til høyringsmøtet måndag 13. juni 2016 kom representantar for både forskingsmiljø, næringsliv- og miljøorganisasjonar.
- Vi samlar inn synspunkt, idear og erfaringar frå politikarar og næringsliv over heile landet i arbeidet med ny NTP. I tillegg til ein meir miljøvennleg bruk av infrastrukturen er heilskapelege løysingar, effektiv ressursbruk og auka vedlikehaldsinnsats viktige stikkord.
- Innspel frå ulike hald er med på å styrkje og utvide grunnlaget til regjeringa for å fastleggje prioriteringar og økonomiske rammer for den nye transportplanen.
Ny NTP 2018-2029 skal leggje føringane for landets infrastruktur fram mot 2050 og vert lagt fram våren 2017.