Møte med USAs president
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg
Stad: Washington
Statsminister Erna Solberg og dei nordiske kollegaene hennar møter USAs president Barack Obama i Det kvite hus i Washington. På toppmøtet vil spørsmål knytte til europeisk og transatlantisk sikkerheit, migrasjon, klima, Arktis, handel, global helse og utdanning bli drøfta.
Møtet blir etterfulgt av ein middag der presidenten og Michelle Obama er vertskap. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.